Datasett: Pasientreiser kommunalt

Sammendrag

Indikatoren viser rater pr 1000 innbyggjar og antal drosjerekvisisjonar utskrive frå behandlarar (reise til og frå lege eller fysioterapeut) innad i kommunen. Dette er elektroniske rekvisisjonar som blir dekka på førehand. Køyring til og frå spesialisthelsetenesta er ikkje medrekna i desse tala.

Indikatoren har to val; ein frå lege og ein frå fysioterapeut.

NB: Fleire kommunar har ikkje avtale med Pasientreiser. I desse kommunane må pasienten/brukaren organisere sin eigen transport, og får dekka denne i etterkant. Desse turane er ikkje med i tala i indikatoren.  

Grunngjeving for val av indikator:
Samla utgifter til pasientreiser representerer betydelege beløp for samfunnet. Desse utgiftene blir i dag dekka fullt ut av spesialisthelsetenesta. Innsparingar på dette området vil difor kunne gje meir midlar til pasientbehandling.  

Kjelde: Pasientreiser HF- Radar

Full tittel

Pasientreiser kommunalt

Undertittel

Reiser innad i kommunen rekvirerte av behandlarar

Identifikasjonsnummer

S013-OPTID7

Metadata Index

Dette er metadata-indeksen for en Nesstar Server.

Nesstar er et verktøy for analyse, visualisering og nedlasting av datasett.
Bruk knappen "Utforsk datasett" for å åpne datasettet.