Datasett: Medisinske akutte korttidsinnleggingar (0-2 døgn, medisinske DRG)

Sammendrag

Informasjon om indikatoren:

Talmaterialet og informasjon om indikatoren Medisinske akuttinnleggelsar er henta frå Helsedirektoratet si nettside som gjeld styringsdata for somatisk sjukehusaktivitet. I framstillinga på Samhandlingsbarometeret inngår antalet og rater pr. 1000 innb. for kommunane, regionen og for heile landet. Datakjelde er Norsk Pasientregister (NPR), og tal er henta frå alle helseføretak, private sjukehus og klinikkar som rapporterer inn til NPR. Ratene er ikkje standardiserte for alder og kjønn, men dataene føreligg i 4 ulike aldersgrupperingar i Barometeret, som i noko grad kan kompensere for dette.

Definisjon:  
Uttrekket er basert på medisinske DRG-grupper; «M». Diagnoserelaterte grupper (DRG) er et pasientklassifiseringssystem hvor sykehusopphold eller polikliniske konsultasjoner i somatiske institusjoner klassifiseres i grupper som er medisinsk meningsfulle og ressursmessig tilnærmet homogene (helsedirektoratet.no).
I tolkinga er det sentralt å ha med seg at medisinske DRG-grupper omfattar aktivitet ved mange ulike avdelingar, ikkje berre det som i daglegtale blir omtala som «medisinske»:
«Pasienter med samme type problemer kan behandles ulikt. For å ta høyde for dette har man etablert «kirurgiske» og «medisinske» DRG-er.  
Hvis en operasjon er utført under sykehusoppholdet, grupperes pasienten i kirurgisk DRG. Hvis ikke, blir resultatet medisinsk DRG.»

Dette betyr også at mange av pasientopphalda på ulike kirurgiske klinikkar (kanskje opptil 50%) vil bli rubriserte som medisinske DRG-ar dersom ein ikkje føretek kirurgiske inngrep under desse. Fødsler og nyfødte er ekskluderte.
I denne variabelen har ein teke med berre det korte opphalda (0-2 døgn) i spesialisthelsetenesta.

Obs! Denne indikatoren i Samhandlingsbarometeret, som viser alle medisinsike kortids innleggingar, skil seg frå Helsedirektoratet sin indikator  "Medisinske akutte korttidsinnleggingar" som kun viser pasientar som blir utskreven til heimen.  


Grunngjeving for val av indikator:
Eit sentralt mål i samhandlingsreforma er å bedre pasientforløpa og å gi tenester nærmare der pasienten bur, dvs. knytt til kommunale tilbod. Eit av tiltaka er å opprette tilbod om døgnopphald for øyeblikkeleg hjelp i kommunen (ofte benevnt som KAD-senger – kommunale akutte døgnsenger).
Desse KAD-plassane er tenkt som eit alternativt tilbod i staden for eller før evt. innlegging i spesialisthelsetenesta. Det nye tilbodet er difor forventa å bidra til å redusere talet på øyeblikkelig hjelp innleggingar i spesialisthelsetenesta fråd ei aktuelle kommunane.  

Indikatoren Medisinske akutte korttidsinnleggingar omfattar då dei akuttinnleggingar som særleg vil avspegle dei som kan være førebyggbare og evt. takast hand om på det kommunale helsetilbodet inkludert KAD-senger.
Indikatoren vil gje kommunane oversikt over deira forbruk av denne type tenester i spesialisthelsetenesta, og utviklinga over tid på området.


Sist oppdatert 04.09.2019

Full tittel

Medisinske akutte korttidsinnleggingar (0-2 døgn, medisinske DRG)

Undertittel

Kilde: NPR/SSB        NB! Alle rater er rekna om til 1-årsrate.

Identifikasjonsnummer

NPR2-medAkinnKORT-OPTID7

Metadata Index

Dette er metadata-indeksen for en Nesstar Server.

Nesstar er et verktøy for analyse, visualisering og nedlasting av datasett.
Bruk knappen "Utforsk datasett" for å åpne datasettet.