Datasett: Liggedøgn for utskrivingsklare pasientar (Fakturerbare)

Sammendrag

Namn på indikator:

Liggedøgn for utskrivingsklare pasientar

Liggedøgn per månad

Informasjon om indikatoren:

Statistikken viser tal liggedøgn for pasientar som har vore utskrivingsklare og som har venta på eit kommunalt tenestetilbod. Dette gjeld somatiske pasientar (ikkje psykisk helse og rus). Pasienten vert rekna som utskrivingsklar når lege på sjukehus vurderer at det ikkje er behov for ytterlegare behandling i spesialisthelsetenesta. Vurderinga skal være basert på ei individuell helsefagleg vurdering.

Kommunane har eit betalingsansvar for pasientar som er vurderte til å vere utskrivingsklare. Frå 1. januar 2012 skjer utrekninga av tal liggedøgn på følgjande måte:

«AntallDagerUtskrivningsklar = UtDato – UtskrivningsklarDato  

Betaling per innlegging kan dermed bereknast som:  

Betaling for utskrivingsklar pasient = AntallDagerUtskrivningsklar X Døgnpris» (Helsedirektoratet)

Kostnad per liggedøgn for kommunane:  

2019 : 4 885,-
2018 : 4 747,-  
2017 : 4 622,-  
2016 : 4 505,-  
2015 : 4 387,-
2014 : 4 255,-  


Meir info.: https://helsedirektoratet.no/finansieringsordninger/utskrivningsklare-pasienter


Talmaterialet som er publisert på Samhandlingsbarometeret, viser tal liggedøgn for utskrivingsklare pasientar per mnd i Helse Førde, og der pasientane er tilhøyrande kommunar i Sogn og Fjordane. Indikatoren inneheld ikkje tal frå andre helseføretak.  

Ved enkelte tilfelle er det ikkje samsvar mellom tal liggedøgn per månad, og det tal liggedøgn det vert sendt faktura for til kommunen. Dette heng saman med at pasienten ikkje er utskriven same månad, då regelverket frå Helsedirektoratet seier vi kun kan fakturere når pasienten er utskriven. I amstillinga på Samhandlingsbarometeret, vil det kun gå fram tal liggedøgn for utskrivingsklare pasientar per kommune per mnd, uavhengig av fakturering.

 

Grunngjeving for val av indikator:

«Liggedøgn for utskrivingsklare pasientar» er sentral i samband med Samhandlingsreforma. Indikatoren kan over tid seie noko om ulike ledd i helsetenesta arbeider godt saman for å få til ein god flyt i tenestetilbodet. Det økonomiske aspektet i indikatoren kan stimulere til at pasientane slepp å vente på eit tenestetilbod på rett nivå og nærmare der dei bur, og det vert frigjort kapasitet til andre pasientar i sjukehuset.  

Oppdatering: Månadleg.  

 

Kjelder: Dips – Helse Førde sitt journalsystem.  

 

Til rettelagt av Økonomiavdelinga i Helse Førde.

Full tittel

Liggedøgn for utskrivingsklare pasientar (Fakturerbare)

Undertittel

Liggedøgn hittil i år og per månad

Identifikasjonsnummer

S001

Metadata Index

Dette er metadata-indeksen for en Nesstar Server.

Nesstar er et verktøy for analyse, visualisering og nedlasting av datasett.
Bruk knappen "Utforsk datasett" for å åpne datasettet.