Datasett: DRG-forbruk pr. kommune

Sammendrag

I 1997 innførte ein innsatsstyrd finansiering (ISF) for den somatiske delen av spesialisthelsetenesta, og frå 2017 også for poliklinikk innan psykiatri og rusbehandling. Sjukehusa vert etter dette finansierte gjennom ein basisbevilgning (50%) bestemt ut frå innbyggartal og alderssamansetning, og 50% ut frå antalet og typar av behandling som blir gjeve til pasientar.  

ISF blir igjen berekna ut frå talet på DRG (Diagnose Relaterte Grupper). Grunnlaget for DRG-gruppene er ein kombinasjon av pasienten sin tilstand (diagnose) og kva behandling (prosedyrar) han har fått. DRG-poenga reflekterar slik det gjennomsnittlege omfanget av ressurssar som eit slikt sjukehusopphald vil medføre, også frå støtteavdelingar som laboratorium, røntgen og administrasjon. ISF blir utbetalt til det regionale helseføretaket (Helse Vest) som sit med «sørge for» ansvaret og som då igjen finansierer dei einskilde lokale helseføretaka.

I 2019 er prisen på eit DRG-poeng sett til kr. 44 654,-

Sjølv om DRG reflekterer gjennomsnittskostnader og einskildpasientar kan avvike sterkt både oppover og nedover frå dette, vil dette tendere til å jevne seg ut over tid og aukande tal pasienttilfeller.

Samhandlingsbarometeret har difor ein variabel som omfattar det samla talet på DRG-poeng for alle fagområde innan somatiske sjukehustenester fordelt på kommunar. Det kan vere interessant å sjå i kva grad DRG-poenga (ressursbruken) varierer mellom regionar og kommunar.

Det er samla tal DRG, DRG pr. 1000 innb. og pr. 1000 innb. i ulike aldersgrupper.

Aldersgrupper:  
0-20   
20-70   
70-80
80+    

Kjelde: NPR. Datasett er henta frå Helsedirektoratet (Styringsdata for RHF )    

Sist oppdatert 03.09.2019

Full tittel

DRG-forbruk pr. kommune

Undertittel

Samla DRG-poeng i spesialisthelsetenesta fordelt på bustadkommune.  NB! Alle rater er rekna om til 1-årsrate.

Identifikasjonsnummer

NPR2-DRG-OPTID7

Metadata Index

Dette er metadata-indeksen for en Nesstar Server.

Nesstar er et verktøy for analyse, visualisering og nedlasting av datasett.
Bruk knappen "Utforsk datasett" for å åpne datasettet.