Datasett: Pasientreiser per 1000 innbyggjarar

Sammendrag

Indikatoren viser omfanget av førehandsrekvirerte einskildreiser med drosje enten internt i kommunen, eller mellom kommunen og spesialisthelsetenesta.
Indikatoren har berre eit måltal som er summen av rekvirerte pasientreiser pr. 1000 innb. i opptaksområdet/kommunen.

Transportmåtar som ikkje er inkluderte i tal
1. Ambulansetransport  
2. Pasient som enten køyrer sjølv, eller blir køyrt av andre private personar.
3. Pasientar som nyttar offentleg organisert transport som buss/båt o.l. inkludert Helseekspress-bussar                                 
4. Pasientar som bestiller drosjetransportane sjølve.   

NB: Eit vekslande tal kommunar er utan avtalar med drosjene lokalt om den interne transporten, og dette er ofte bakgrunnen for der vi finn store endringar i omfanget av registrerte Pasientreiser frå år til år. Dette gjer det også vanskeleg å samanlikne mellom einskildkommunar dersom ein ikkje kjenner dei lokale tilhøva. Ulik geografi, busetnadsmønster, offentleg tilgjengeleg transport og demografi vil alle kunne influere på omfanget av pasientreiser.

Grunngjeving for val av indikator:  
Pasientreiser representerer betydelege utgifter som alle vert dekka av spesialisthelsetenesta, og som det då blir viktig å bruke på ein best mogeleg måte samtidig som pasientane sjølve ikkje får for mykje ulemper. Det er ei eiga forskrift frå 2016 angåande pasientar, ledsagarar og pårørende sin rett til dekning av utgifter ved reise til helsetjenester (pasientreiseforskrifta). Denne gjeld både for reiser til/frå spesialisthelsetenesta, og innanfor ulike delar av kommunehelsetenesta (t.d. reiser til/frå kommunelege/fysioterapeut


Kjelde og lenker:
Data er basert på uttrekk gjort av Pasientreiser i datasystemet Radar


Utrekning :
Samhandlingsbarometeret har bearbeidd leverte rådata frå Pasientreiser Førde ved å samanstille med folketalet (rater) i opptaksområda og ny kommunestruktur.

Mogelege feilkjelder:  
Rådata er kome frå ekstern kjelde som Samhandlingsbarometeret ikkje kan kvalitetssikre sjølv.

Når tal mangler:  
Uventa små tal og store endringar frå året før kan ha samanheng med endring i lokale kommunevise avtaler med drosjene.

Tidsperiodar:   
Blir publisert årleg frå og med 2018

Geografisk nivå:  
Helseføretaksnivå i Helse Vest - opptaksområda for Helse Stavanger, Fonna, Bergen (inkl. Haraldsplass Diakonale Sjukehus) og helse Førde.
Kommunenivå med gjeldande kommunestruktur frå 2020.

Kjønn:  
Alle

Aldersgrupper:  
Alle aldersgrupper

Oppdatering:  
Årleg

Sist oppdatert:  
Mai 2020 for 2019

Full tittel

Pasientreiser per 1000 innbyggjarar

Undertittel

Rekvirerte pasientreiser med drosje.

Identifikasjonsnummer

SO16-OPTID4

Metadata Index

Dette er metadata-indeksen for en Nesstar Server.

Nesstar er et verktøy for analyse, visualisering og nedlasting av datasett.
Bruk knappen "Utforsk datasett" for å åpne datasettet.