Datasett: Kommunale akutte døgnplassar (KAD/ØHD) Drift

Sammendrag

KAD (Kommunale akutte døgnplassar) eller ØHD (Øyeblikkeleg hjelp døgnopphald) blir begge brukt om dette lovpålagte tilbodet i kommunane.  

NB! Frå og med 1. november 2017 inneheld statistikken tall frå både psykiatri/rus og somatikk.  

Samhandlingsreforma frå 2012 hadde som eit av hovudmåla å flytte meir pasientbehandling over på det kommunale nivået av helsetenesta. Det vart bestemt at kommunane skulle utvikle eit nytt tilbod om øyeblikkeleg hjelp på døgnbasis med eigne dedikerte senger og kompetent personale.

Pasientar frå kommunen, eller dei samarbeidande kommunane som kunne få eit like godt tilbod om behandling (observasjon, utgreiing og tiltak), skulle då kunne innleggast i kommunale KAD/ØHD-senger i staden for på sjukehus. På denne måten skulle spesialisthelsetenesta avlastast, og særleg på området med korte medisinske akuttinnleggingar/reinnleggingar.

Tilbodet vart obligatorisk frå 1. januar 2016, og året etter vart KAD-ordninga utvida til også å omfatte mentale lidingar og rusproblematikk.

Etter kvart er det blitt nasjonal innrapportering frå desse ordningane til Helsedirektoratet. Førebels er rapporteringsordninga avgrensa til manuell utfylling frå den einskilde KAD/ØHD-ordninga, og ikkje som ein del av kommunane sitt ordinære rapporteringssystem. Datakvaliteten kan difor variere meir enn for andre typar rapportering, og både tal og utvikling over tid må tolkast med varsemd.

Kommunane kan ha eigne KAD/ØHD-ordningar som ofte er lokaliserte til kommunale institusjonar (sjukeheimar e. l.), eller fleire kommunar samarbeider om ordningane, og der ein av desse er vertskommune.  

Samhandlingsbarometeret har no tal for perioden 2016-2019.

I oversiktstabellane vil dette vil då ha følgjande framstilling:

Eksempel på oppsett: Aurland (KAD - Lærdal).  Dette betyr at den aktuelle kommunen har sin KAD-ordning saman med andre kommunar med Lærdal som værtskommune.

I Samhandlingsbarometeret har ein i dialog med samarbeidspartar valgt ut følgjande variablar med tilhøyrande underval (måltall):
a) Kommunale akutte døgnplassar (KAD/ØHD) Driftstal
- Innlegging pr. 1000
- Tal plassar  
- Liggetid  
- Beleggsprosent  
- Innlagt frå heim  
- Innlagt frå kommunal inst.  
- Innlagt frå spesialisthelsetenesta  
- Innlagt frå andre  
- Ut til heim  
- Ut til kommunal institusjon
- Ut til spesialisthelsetenesta  
- Ut til andre
Dette er utvalde driftstal, der enkelte er fordelt utover alle kommunane, medan andre er for den aktuelle KAD/ØHD-ordninga (det vil dåkunne  mangle ta for einskildkommunar som samarbeider).

b) Kommunale akutte døgnplassar (KAD/ØHD) Diagnoser for opphaldet
 - Allment   
 - Blod  l
 - Fordøyelse   
 - Hjerte/kar   
 - Nervesystem   
 - Luftveier   
 - Hud   
 - Endokrin (f. ex. diabetes)
 - Urinveier   
 - Muskel/skjelett   
 - Psykisk   
 - Sosialt   
 - Anna/ukjent
Her finn vi den prosentvise fordelinga av hovuddiagnosegrupper knytt til innleggingane i KAD/ØHD.

Kjelde: Helsedirektoratet

Sist oppdatert 25.nov 2020

Full tittel

Kommunale akutte døgnplassar (KAD/ØHD) Drift

Undertittel

Kjelde: Helsedirektoratet NB! Frå og med 1. november 2017 inneheld statistikken tall frå både psykiatri/rus og somatikk.

Identifikasjonsnummer

S021-OPTID4

Metadata Index

Dette er metadata-indeksen for en Nesstar Server.

Nesstar er et verktøy for analyse, visualisering og nedlasting av datasett.
Bruk knappen "Utforsk datasett" for å åpne datasettet.