Datasett: Reinnleggelse innen 30 dager

Sammendrag

Ei reinnlegging er definert som ei øyeblikkeleg hjelp innlegging innan 30 dagar etter eit døgnopphald. I utrekninga av reinnlegging inngår kun innlagte døgnpasientar. Rehabilitering er ekskludert, elles er alle diagnosar og innleggingar inkludert (Helsedirektoratet). Indikatoren viser reinnleggingar innan 30 dagar, per år, for alle føretak og/eller spesifikke opptaksområder.

Folktetal er pr. 1.januar.  Ved oppsplitting av kommunar er det brukt ein statistisk tilnærming for å få det historiske folktallet så riktig som mulig. Men det blir ikkje heilt nøyaktgi ved oppsplitting av kommunar sidan vi ikkje har det eksakte befolkningatalllet og alder på befolkniga som dette gjeld.  Vi gjer det same  for teljar-verdien i brøken, slik at andel-/rateverdien blir så nøyaktig som praktisk mulig basert på inndata/rådata. Småtall er ikkje med pga. personvern.  

Grunngjeving for val av indikator  
Reinnlegging i sjukehus kan vere både ein god og ein dårlig indikator på kvalitet i helsetenesta. Ved enkelte sjukdomar som krev tett oppfølging frå spesialisthelsetenesta, f.eks. langtkomen kreft, kan det bli vurdert som god pasientbehandling at pasienten raskt blir reinnlagt i sjukehus. Ved for tidleg utskriving etter sjukehusopphald, mangelfull behandling, mangelfull oppfølging etter utskriving eller dersom pasienten får postoperative sårinfeksjonar, vil reinnlegging derimot bli vurdert som dårlig kvalitet i spesialisthelsetjenesten. Tolking av talmaterialet må vurderast opp mot dette.   

God planlegging av pasientforløpet vil kunne medverke til færre av reinnleggingane som er vurdert som dårlig kvalitet i helsetenesta og som både kan vere belastande for pasienten og ressurskrevjande for helsetenesta. Å få ulike ledd i helsetenesta til å jobbe betre saman for å få betre pasientforløp, er eitt av måla med Samhandlingsreformen og sentralt i Nasjonal helse og sjukehusplan 2020. Endringar i tal på reinnleggingar og skilnad i tal frå kommune til kommune kan vere ein indikator på korleis kommunen handterer pasientar og pasientforløp.   

Kjelde og lenker
Norsk Pasientregister (NPR), Helsedirektoratet.

Full tittel

Reinnleggelse innen 30 dager

Undertittel

Kjelde NPR  (* Data berre t.o.m. 1.tertial 2020).  ( * ein strek (-) betyr at det er færre enn 5)

Identifikasjonsnummer

NPR2-reinn-OPTID4

Metadata Index

Dette er metadata-indeksen for en Nesstar Server.

Nesstar er et verktøy for analyse, visualisering og nedlasting av datasett.
Bruk knappen "Utforsk datasett" for å åpne datasettet.