Datasett: Medisinske akutte korttidsinnleggingar (0-2 døgn, medisinske DRG)

Sammendrag

Indikatoren viser tal og rate av medisinsk innlegging med varighet frå 0-2 døgn.  
Du kan velje måltal mellom:
- Tal innleggingar
- Tal innleggingar pr. 1000 innbyggar

Obs! Denne indikatoren i Samhandlingsbarometeret, som viser alle medisinsike kortids innleggingar, skil seg frå Helsedirektoratet sin indikator "Medisinske akutte korttidsinnleggingar" som kun viser pasientar som blir utskriven til heimen.

Uttrekket er basert på medisinske DRG-grupper. I tolkinga er det sentralt å ha med seg at medisinske DRG-grupper omfattar aktivitet ved mange ulike avdelingar, ikkje berre det som i daglegtale blir omtala som «medisinske»:
«Pasientar med same type problem kan behandlast ulikt. For å ta høgde for dette har ein etablert «kirurgiske» og «medisinske» DRG-er.   
Viss ein operasjon er utført under sjukehusopphaldet, grupperast pasienten i kirurgisk DRG. Viss ikkje, blir resultatet medisinsk DRG.»

Dette betyr også at mange av pasientopphalda på ulike kirurgiske klinikkar (kanskje opptil 50%) vil bli rubriserte som medisinske DRG-ar dersom ein ikkje føretek kirurgiske inngrep under desse. Fødsler og nyfødte er ekskluderte.
I denne variabelen har ein teke med berre det korte opphalda (0-2 døgn) i spesialisthelsetenesta   

Grunngjeving for val av indikator  
Eit sentralt mål i samhandlingsreforma er å betre pasientforløpa og å gje tenester nærare der pasienten bur, dvs. knytt til kommunale tilbod. Eit av tiltaka er å opprette tilbod om døgnopphald for øyeblikkeleg hjelp i kommunen (og kalla KAD-senger - kommunale akutte døgnsenger).
Desse KAD-plassane er tenkt som eit alternativt tilbod i staden for eller før ev. innlegging i spesialisthelsetenesta. Det nye tilbodet er difor forventa å bidra til å redusere talet på øyeblikkeleg hjelp innleggingar i spesialisthelsetenesta frå dei aktuelle kommunane.   

Indikatoren Medisinske akutte korttidsinnleggingar omfattar då dei akuttinnleggingar som særleg vil avspegle dei som kan være førebyggbare og ev. takast hand om på det kommunale helsetilbodet inkludert KAD-senger. Indikatoren vil gje kommunane oversikt over deira forbruk av denne type tenester i spesialisthelsetenesta, og utviklinga over tid på området.


 
Kjelde og lenker
Datakjelde er Norsk Pasientregister (NPR), og tal er henta frå alle helseføretak, private sjukehus og klinikkar som rapporterer inn til NPR.  

Mogelege feilkjelder  
Ratene er ikkje standardiserte for alder og kjønn.
 
Tidsperiodar   
2013-2019

Geografisk nivå  
Kommune, foretak, regionale føretak og på landsbasis

Kjønn  
Begge samla

Aldersgrupper  
Alle
0-20
20-70
70-80
80+

Oppdatering  
Årleg

Sist oppdatert  
Juni 2020

Full tittel

Medisinske akutte korttidsinnleggingar (0-2 døgn, medisinske DRG)

Undertittel

Andel innleggingar pr. 1000 innbyggar Kilde: NPR/SSB

Identifikasjonsnummer

NPR2-medAkinnKORT-OPTID4

Metadata Index

Dette er metadata-indeksen for en Nesstar Server.

Nesstar er et verktøy for analyse, visualisering og nedlasting av datasett.
Bruk knappen "Utforsk datasett" for å åpne datasettet.