Datasett: Mandel operasjonar 0-18 år (I002)

Sammendrag

Oppdatert: 07.08.2019

Namn på indikator:  

Mandeloperasjonar 0-18 år


Skildring av indikatoren

Mandeloperasjonar 0 - 18 år er ein rate som seier kor mange personar på 0 - 18 år frå dei ulike kommunane i Sogn og Fjordane som er opererte for fjerning av mandlar. Personar frå Sogn og Fjordane som er opererte andre stader enn i Helse Førde inngår ikkje i raten.


Definisjon av raten mandeloperasjonar 0-18 år:

(Tal personar 0 - 18 år opererte for fjerning av mandlar i ein kommune i eitt bestemt år) : (Tal personar 0 - 18 år i den same kommunen i det same året) X 1000



Utrekning av rate per kommune er gjort med utgangspunkt i prosedyrekodar som er brukt i DIPS og som skildrar type operasjon som vert nytta. DIPS er det elektroniske journalsystemet som vert brukt i Helse Førde. Val av prosedyrekodar er gjort i samråd med øyre-nase-hals-spesialist. Grunnlaget for utrekning av rater er NPR-meldingen (xml-fil) som vert trekt ut frå DIPS og lest inn i Datavarehuset til Helse Vest IKT.



Prosedyrekodar som er brukte:

EMB 10 Tonsillektomi

EMB 20 Adenotonsillektomi


Polikliniske konsultasjoner under 5 timar er ekskluderte.


Atterhald og eventuelle feilkjelder:

Grunnsystema som NPR bygger på kan ha endra seg i perioden, og dermed påverka talmaterialet.

Berekningane bygger på at bruk av prosedyrekodar er korrekte, dvs det er gjennomført koding av alle tiltak frå opphaldet, og at dei rette prosedyrekodane er brukte.


Dersom det skulle finnast fleire episodar med kode for mandelopersjon per år, brukar vi kun første episode. Resten vert sett på som som registreringsfeil.  


Oppdatering:

Årleg

Kjelder:

Tal operasjonar: DIPS

Folketal: Statistisk sentralbyrå. www.ssb.no <http://www.ssb.no>; Tabell 07459: Folkemengde, etter kjønn og ettårig alder. 1. januar (K)

Full tittel

Mandel operasjonar 0-18 år  (I002)

Undertittel

Tal operasjonar pr. 1000 i aldersgruppa     NB! Alle rater er rekna om til 1-års rate.

Identifikasjonsnummer

I002

Metadata Index

Dette er metadata-indeksen for en Nesstar Server.

Nesstar er et verktøy for analyse, visualisering og nedlasting av datasett.
Bruk knappen "Utforsk datasett" for å åpne datasettet.