Datasett: Lårhalsbrot 67+, rate per 1000 (I003)

Sammendrag

Oppdatert: 07.08.2019

Namn på indikator:

Lårhalsbrot 67+


Skildring av indikatoren:

Lårhalsbrot 67+ er ein utrekna rate som seier kor mange operasjonar som vert utførte for personar på 67 år og over, frå dei ulike kommunane i Sogn og Fjordane og Hordaland som er lagt inn i sjukehus i Helse Førde og Helse Bergen. Personar frå Sogn og Fjordane og Hordaland som er opererte andre stader enn i Helse Førde og Helse Bergen inngår ikkje i talmaterialet. For å berekne raten har vi teke utgangspunkt i tal operasjonar, og ikkje tal personar, fordi nokre personar har brote lårhalsen meir enn ein gong.


Definisjon av raten lårhalsbrot 67+:  

(Tal operasjonar for lårhalsbrot for personar 67 år og meir i ein kommune i eitt bestemt år) : (Tal personar 67 år og meir i den same kommunen i det same året) X 1000




Utrekning av rate per kommune er gjort med utgangspunkt i prosedyrekodar som er brukt i DIPS og som skildrar type operasjon som vert nytta ved brudd i lårhalsen. DIPS er det elektroniske journalsystemet som vert brukt i Helse Førde. Val av prosedyrekodar er gjort etter samråd med ortoped.

Grunnlaget for utrekning av rater er NPR-meldinga (xml-fil) som vert trekkt ut frå DIPS og lest inn i Datavarehuset til Helse Vest IKT.  


Prosedyrekodar som er brukte:

NFJ Operativ bruddbehandling i femur der 5. siffer er 0,1, 2 eller 3.  

NFB 02 Implantasjon av distal primær delprotese i hofteledd uten sement og  

NFB 12 Implantasjon av distal primær delprotese i hofteledd med sement


Pasientar som i tillegg har diagnosekode  

T 93.1 Følgetilstander etter brudd i lårbein eller  

T 84.1 Mekaniske komplikasjonar ved innvendig fiksasjonsanordning for knoklar i ekstremitet  

er ekskluderte frå uttrekket.


Polikliniske konsultasjonar er også ekskluderte.


Grunngjeving for val av indikator:

Indikatoren gjev informasjon til kommunane om kor mange som vert opererte på grunn av brot i lårhalsen. Brot i lårhalsen er eit stort traume for den som vert råka, og har stort fokus i det førebyggande arbeidet i kommunane.

Atterhald og eventuelle feilkjelder:  

Grunnsystema som NPR bygger på kan ha endra seg i perioden, og dermed påverka talmaterialet.

Utrekningane bygger på at kodinga er korrekt, dvs at operasjonen er koda, og det er brukt rett prosedyrekode i høve utført operasjon.  


Oppdatering:

Årleg

Kjelder:
DIPS

Folketal: Statistisk sentralbyrå. www.ssb.no.Tabell 07459: Folkemengde, etter kjønn og ettårig alder. 1. januar (K)  


http://statbank.ssb.no/statistikkbanken/selectvarval/Define.asp?SubjectCode=02&ProductId=02.01.10&MainTable=NY3026&SubTable=Kommun1&TabStrip=Select&PLanguage=0&Qid=0&nvl=true&mt=1&pm=&FF=2&gruppe1=KommNyeste&gruppe2=Hele&gruppe3=Hele&aggreg1=NO&aggreg2=&aggreg3=&VS1=Kommun&VS2=Kjonn&VS3=AlleAldre00B

Full tittel

Lårhalsbrot 67+, rate per 1000   (I003)

Undertittel

Tal operasjonar pr 1000 i aldersgruppa     NB! Alle rater er rekna om til 1-års rate.

Identifikasjonsnummer

I003

Metadata Index

Dette er metadata-indeksen for en Nesstar Server.

Nesstar er et verktøy for analyse, visualisering og nedlasting av datasett.
Bruk knappen "Utforsk datasett" for å åpne datasettet.