Datasett: Elektive operasjonar i kne og hofte 67+ (I001)

Sammendrag

Oppdatert: 07.08.2019

Namn på indikator:

Elektive operasjonar i kne og hofte 67+

 

Skildring av indikator:

Med elektive operasjonar i kne og hofte meiner ein planlagde operasjonar med innsetting av protese i kne og/eller hofte. Det er berekna ein rate som seier kor mange  slike operasjonar som er utførte for personar på 67 år og over frå dei ulike kommunane i Sogn og Fjordane og Helse Bergen sitt opptaksområde, og som er behandla i sjukehus i det aktuelle føretaksområdet. Enekelte personar kan ha gjennomgått meir enn ein operasjon i løpet av eitt år, og vil i så verte talt fleire gonger. Personar frå Sogn og Fjordane og Bergen som er opererte andre stader enn i det aktuelle føretaksområdet inngår ikkje i talmaterialet.

 

Definisjon av raten elektive operasjonar i kne og hofte 67+:

(Tal elektive operasjonar med innsetting av protese i kne og/eller hofte utført på personar på 67 år og over, i ein kommune i eitt bestemt år) : (Tal personar 67 år og over i den same kommunen i det same året) X 1000

 

 

Utrekning av rate per kommune er gjort med utgangspunkt i prosedyrekodar som er brukt i DIPS og som skildrar type operasjon som vert nytta ved slike operasjonar. DIPS er det elektroniske journalsystemet som vert brukt i Helse Førde. Val av prosedyrekodar er gjort i samråd med ortoped. Grunnlaget for utrekning av rater er NPR-meldinga (xml-fil) som vert trekkt ut frå Dips og lest inn i Datavarehuset til Helse Vest IKT.  

 

 

Prosedyrekodar som er brukte i uttrekket:

NFB 20 Implantasjon av primær totalprotese i hofteledd uten sement  

NFB 30 Implantasjon av primær totalprotese i hofteledd med hybrid teknikk  

NFB 40 Implantasjon av primær totalprotese i hofteledd med sement

 

NGB Implantasjon av primær protese i kneledd, alle prosedyregrupper

 

Polikliniske konsultasjonar er ekskluderte

 

Atterhald og eventuelle feilkjelder:

Grunnsystema som NPR bygger på kan ha endra seg i perioden, og dermed påverka talmaterialet.

Utrekningane bygger på at bruk av prosedyrekodar er korrekte, dvs det er gjennomført koding av alle tiltak frå opphaldet, og at dei rette prosedyrekodane er brukte.

 

Dersom pasienten er operert to gonger med mindre enn 3 mnd mellomrom, vil han/ho verte registrert som operert med innsetting av to proteser. Dette sjølv om det sjeldan vert sett inn ny protese før etter 3 mnd. I perioden 2008 - 2010 var ei slik registrering tilfellet kun ein gong.

 

Oppdatering:

Årleg

 

 

Kjelder:

Tal operasjonar: DIPS

Folketal: Statistisk sentralbyrå. www.ssb.no.

Tabell 07459: Folkemengde, etter kjønn og ettårig alder. 1. januar (K)

<http://statbank.ssb.no/statistikkbanken/Default_FR.asp?PXSid=0&nvl=true&PLanguage=0&tilside=selecttable/hovedtabellHjem.asp&KortnavnWeb=folkemengde>;

Full tittel

Elektive operasjonar i kne og hofte 67+  (I001)

Undertittel

Insettning av protese pr 1000 innbyggarar i aldersgruppa.     NB! Alle rater er rekna om til 1-års rate.

Identifikasjonsnummer

I001

Metadata Index

Dette er metadata-indeksen for en Nesstar Server.

Nesstar er et verktøy for analyse, visualisering og nedlasting av datasett.
Bruk knappen "Utforsk datasett" for å åpne datasettet.