Datasett: DRG-forbruk pr. kommune

Sammendrag

Beskriving:  
DRG-forbruk pr. kommune omfattar det samla talet på DRG-poeng for alle fagområde innan somatiske sjukehustenester fordelt på kommunar.  
Indikatoren viser:  
- samla tal DRG  
- DRG pr. 1000 innb.  
- pr. 1000 innb. i ulike aldersgrupper.

Grunngjeving for val av indikator  
I 1997 innførte ein innsatsstyrd finansiering (ISF) for den somatiske delen av spesialisthelsetenesta, og frå 2017 også for poliklinikk innan psykiatri og rusbehandling. Sjukehusa vert etter dette finansierte gjennom ein basisløyving (50%) bestemt ut frå innbyggartal og alderssamansetning, og 50% ut frå antalet og typar av behandling som blir gjeve til pasientar.   

ISF blir igjen berekna ut frå talet på DRG (Diagnose Relaterte Grupper). Grunnlaget for DRG-gruppene er ein kombinasjon av pasienten sin tilstand (diagnose) og kva behandling (prosedyrar) han har fått. DRG-poenga reflekterer slik det gjennomsnittlege omfanget av ressursar som eit slikt sjukehusopphald vil medføre, også frå støtteavdelingar som laboratorium, røntgen og administrasjon. ISF blir utbetalt til det regionale helseføretaket (Helse Vest) som sit med «sørge for» ansvaret og som då igjen finansierer dei einskilde lokale helseføretaka.

I 2019 er prisen på eit DRG-poeng sett til kr. 44 654,-

Sjølv om DRG reflekterer gjennomsnittskostnader og einskildpasientar kan prisen avvike sterkt både oppover og nedover , vil dette tendere til å jamne seg ut over tid og aukande tal pasienttilfelle. Det kan vere interessant å sjå i kva grad DRG-poenga (ressursbruken) varierer mellom regionar og kommunar.

Kjelde og lenker
 
NPR
 
Tidsperiodar  
2013-2019  

Geografisk nivå  
Kommune struktur 2020, helseføretak, Norge

Kjønn  

Begge samla

Aldersgrupper  
0-20    
20-70    
70-80
80+     
 

Oppdatering
Årleg  
 

Sist oppdater
Juni 2020

Full tittel

DRG-forbruk pr. kommune

Undertittel

Samla DRG-poeng i spesialisthelsetenesta fordelt på bustadkommune. **(DRG-poeng frå Legevakten i Bergen er inkludert i Helse Bergen sine tall fram t.o.m 1.tertial 2019)

Identifikasjonsnummer

NPR2-DRG-OPTID4

Metadata Index

Dette er metadata-indeksen for en Nesstar Server.

Nesstar er et verktøy for analyse, visualisering og nedlasting av datasett.
Bruk knappen "Utforsk datasett" for å åpne datasettet.